Hytter under Nødre Ton i Vats

Hytter under Nødre Ton i Vats

I samarbeid med Nødre Ton gard i Vats har me gleda av å tilby særprega hytter på garden, heimstølen, i randa mot høgfjellet og på langstølen høgt til fjells
 
Sjølve garden ligg ved Vatsfjorden ca 800 moh med hytteutleige, båtutleige og fiskerett. Sommarhalvåret er det beitedyr, hestar og villsau på garden. Skogen med vedhogst er arenaen vinterstid. Også stølane då.

Hyttene kan du leige for seg sjølv eller kombinera med opphald på Aal Pensjonat.

Du kan komponera din eigen ferie i natur- og kulturbygda Ål 

I lag med Nødre Ton legg me til rette for bygde- og fjellferie noko utanom det vanlege både sommar og vinter.