Gamlebanken
Fjellbygda Ål - midt mellom aust og vest
Les mer

Gamlebankens historie

Huset vart bygd som Aal Sparebank i 1897. Det vart sett opp som eit lafta tømmerhus, stort og ruvande. I perioden 1910 – 1920 vart huset kledd med panel og fekk eit typsik preg som ein sveitservilla. På framsida vart det bygd ein vakker glasveranda, med farga glasruter. Til tak-konstruksjonane vart det utsmykka med forseggjorte gavlspir. Store takutstikk både på gavlane og midt på langveggen vart pynta med dekorative utskjæringer.

Aal Pensjonat er restaurert attende til denne perioden, lett gjenkjenneleg for dei som husker huset frå barndommen av.

Sentrum i Ål, kalla Sundre, vart råkt av ein brann i 1931. Omtrent heile sentrum blei den gongen askelagt. Gamlebanken var heldig og slapp unna flammene, sjølv om det starta å brenne oppunder taket i eit hjørne. Dei klarte å sløkke brannen i og huset vart redda.

Huset har vore både bank og lensmannskontor. Aal Sparebank flytta ut i 1962 og lensmann Svein Flatåker kjøpte huset. I fyrste etasje var det Lensmannskontor og i andre etasje budde lensmannen med kona si.

Huset har hatt fleire kallenavn, mest brukte er «Gamlebanken» og «Lensmannshuset». Noko som heng att den dag i dag.