Aal Pensjonat
- I hjartet av Ål sentrum.

Aal Pensjonat
- I hjartet av Ål sentrum.

Pensjonatet har restaurert 4 hyggelege rom. I fyrste etasje er det eit godt utstyrt kjøkken med tilhøyranse spisestugu. Desse romma kan våre gjester disponere. Aal Pensjonat er eit godt utgangspunkt for fiske-, ski- sykkel, fjell- og naturopplevingar.

Våre rom

Rom 5, Austrommet

Rom med «sjel»! Gamle, knirkete golv og skeive veggar. Slik blir det når rommet har fått stå i fred i over 100 år.

Rommet er møblert med eit unikt soveromsmøblement frå 1920-talet. Eige bad til rommet, med vakkert flislagt golv. Moglegheit for ekstra oppreidd soveplass. TV på rommet.

Rom 6, Vestrommet

Rom med «sjel»! Gamle, knirkete golv og skeive veggar. Slik blir det når rommet har fått stå i fred i over 100 år .

Rommet er møblert med ei flott jernseng. Eige bad til rommet, med vakkert flislagt golv. Moglegheit for ekstra oppreidd soveplass til den minste i gammal, rosemåla skuvseng. TV på rommet.

Rom 7, Loftsrommet

Dette rommet er eit loftsrom med to senger, der den eine er ei seng bygd inn under skråtaket (140 cm). Badet har eit nostalgisk flisgolv, med mønster som er lagt slik dei gamle håndverkarane gjorde for vel 100 år sidan. TV på rommet.

Rom 8, Skrårommet

Dette er eit koseleg lite rom med dobbeltseng (140 cm) bygd inn under skråtaket. Badet er flislagt med mønster slik dei gamle håndverkerane gjorde for vel 100 år sidan. TV på rommet.

Bilder fra pensjonatet

Utforsk aktiviteter og priser

Aktiviteter

Ål er stolt av å være ein kultur- og naturkommune. Me deler så gjerne vår natur med alle som søker ein fredfullt augneblink i vakre og ville fjellområder. 

Priser

Vi tilbyr priser for enkeltrom, dobbeltrom, og ekstra oppreidd seng. Ved leige på vekesbasis, helg eller over meir enn 3 dagar, ta kontakt for eige tilbod.

Vil du vite mer?

Du når oss på +47 92 68 13 07 eller mail post@aalpensjonat.no, eller fyll inn feltene under og send.

Takk for din henvendelse

Vi vil ta kontakt med deg i løpet av kort tid.