Huset si historie

Huset si historie

Etter at Aal Sparebank hadde hatt tilhald i fleire ulike bygg på Sundre (sentrumsområdet på Ål) i 27 år, flytte dei i 1897 inn i eige hus. Huset var eit stort tømmerhus, bygd i sveitserstil.

Etter at Aal Sparebank hadde hatt tilhald i fleire ulike bygg på Sundre (sentrumsområdet på Ål) i 27 år, flytte dei i 1897 inn i eige hus. Huset var eit stort tømmerhus, bygd i sveitserstil.

I 1931 braut det ut brann på Sundre, og så godt som heile sentrum vart lagt i aske. Men bankbygningen greidde seg frå å gå tapt, sjølv om den var sterkt i faresona. Det tok fyr i eine hjørnet oppunder taket, men ved å slå ut eit vindauga og pøse på snø og vatn, lukkast dei å å sløkkje og huset vart redda.

Omkring 1910-1930 vart Gamlebanken kledd med panel og måla. Det vart laga ein glasveranda på framsida. Huset utvendig er i dag mykje likt huset slik det framstod då.

Innomhus har det vorte vølt og ombygd fleire gonger.

I 1962 flytte Aal Sparebank inn nytt hus. Lensmann Svein Flatåker kjøpte då Gamlebanken. Der hadde han både kontor og bustad. Huset er for mange ålingar derfor i dag  synonymt med ”Lensmannsgarden”.

Huset vart igjen solgt, denne gongen til ein privatperson. Han eigde huset fram til vi kjøpte det i 2008.

Etter ein omfattande restaureringsperiode åpna vi dørene på den gamle sveitserbygningen I7. mai 2011.  

Her er nokre glimt frå oppussinga som vi har gjort: 

Vil du vite mer?

Du når oss på +47 92 68 13 07 eller mail post@aalpensjonat.no, eller fyll inn feltene under og send.

Takk for din henvendelse

Vi vil ta kontakt med deg i løpet av kort tid.